RØMMEGRAUT
– LAGA PÅ GAMLEMÅTEN

Den store hemmelegheita bak god rømmegraut er like enkel som den er komplisert: Godt handverk. Vi har laga rømmegraut gjennom fleire generasjonar, med dei same kvalitetsråvarene og det gode handlaget.

Rømmegrauten blir laga av seterrømme, mjøl, heilmjølk og semulegrynsgraut. Serverast rykande varm saman med rosin, sukker og kanel om du ønskjer det. Vasskringle, kavring og spekemat høyrer ofte med. Rømmegrauten vår er produsert på gamlemåten og inneheld ingen tilsettingsstoff.

– Server rømmegrauten med rosiner, attåt flatbrød og spekemat.

Vi leverer rømmegraut på bestilling til cateringbedrifter og større selskap.

  • Rømmegraut frå Fjellestad Gardskjøken.

Gombe

Gombe er kjent som fest- og høgtidsmat. Vi lagar gomba vår av fersk melk frå eigen gard.
Les meir…

Snekalefse

Ein klassikar på eit kvart festbord. Lefsa er smurt med ei raus mengde kling.
Les meir…

Fiskelefse

Det perfekte tilbehør til fiskemiddagen. Fyll lefsa med torsk, lutefisk eller rakfisk og nyt.
Les meir…