LEFSE

På Gardskjøkenet bakar vi to typar lefser – Snekalefse og Fiskelefse. Lefsene blir laga på gamlemåten, på same oppskrifta – Ei oppskrift som har gått i arv i generasjonar.

Frå gamalt av var det vanleg at kvinnene på garden laga høge stablar med lefser og flatbrød. Under bakedagane kom det to bakstedamer til garden for å hjelpe til. Som oftast var det bonden sjølv som hadde ansvaret for elden i grua og steikinga. Baksten vart oppbevart på stabburet og teke fram ved festlege høve.

Namnet Snekalefse kjem av at leivane som nyttast til denne typen lefse vart bløytt med mjølk før servering, kjent som «å sneke». Fiskelefsa, tidlegare kalla skvettelefse, vart skvetta med vatn før servering.

Potetene vi bruker i lefsene kjem frå nabogården. Desse skrellast og kokast før ein knar dei saman med deiga. Vi nyttar ikkje tilsettingsstoff i lefsene våre.

Snekalefse

Søt og god til kaffien.

Fiskelefse

Perfekt tilbehør til fiskemiddagen.