GOMBE
– SØTOST FRÅ SPRETNE VESTLANDSKYR

Gombe er ein type søtost, som tradisjonelt har blitt brukt til lefser som fest- og høgtidsmat. Gomba frå Fjellestad Gardskjøken er laga av fersk melk frå eigen gard.

Vi har produsert gombe for sal i 30 år, og sel årleg 10–11 tonn. Gomba vert forhandla av butikkar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I tillegg sel vi gombe på ulike festivalar og marknadar. Det vert ikkje nytta tilsetjingsstoff i gomba frå Fjellestad Gardskjøken.

– Server gomba attåt lefse, julebrød eller vørterbrød, både til kvardag og fest.

Tips! Gombe til overs? Frys den ned. Kok varsomt opp etter tining og voilá! Gomba er like god som ny.

Kor kan du kjøpe Gombe frå Fjellestad Gardskjøken?

Møre og Romsdal

  • Dei fleste Coop-butikkane på Sunnmøre
    og Coop Mega Molde

Sogn og Fjordane

  • Alle daglegvarebutikkane i Nordfjord
    og dei fleste i Sunnfjord

Hordaland

  • Vestkanten, Loddefjord
  • Sartor, Sotra
  • Horisont, Åsane
  • Morvik Hjemmebakeri
  • Kvamme Kolonial og Fetevarer

Produktet står i kjøledisk saman med andre meierivarer – spør beteninga om du ikkje finn det.

Snekalefse

Ein klassikar på eit kvart festbord. Lefsa er smurt med ei raus mengde kling.
Les meir...

Fiskelefse

Det perfekte tilbehør til fiskemiddagen. Fyll lefsa med torsk, lutefisk eller rakfisk og nyt.
Les meir...

Rømmegraut frå Fjellestad Gardskjøken.

Rømmegraut

Tradisjonsmat av beste sort. Vi lagar rømmegrauten vår på gamlemåten. Leverer til cateringbedrifter.
Les meir...